§ 9. Unntak for dokument og journalar
Det kan gjerast unntak frå innsyn i dokument og journalar som er avleverte til arkivdepot når originalane er i så dårleg stand at dei ikkje toler handtering eller kopiering, eller arkivordninga gjer det urimeleg arbeidskrevjande å finne materialet eller å sikre at opplysningar som er underlagde teieplikt eller graderte ikkje blir leverte ut.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for tilbod og protokollar i tilbodskonkurransar som gjeld kjøp av flyrutetenester etter regelverk gitt i medhald av luftfartslova, inntil val av leverandør er gjort.
Det kan gjerast unntak frå innsyn i dokument som gjeld saker hos Etterretningstenesta og hos Politiets tryggingsteneste (PST) og frå innsyn i journalar hos desse organa.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for journalinnføringar og dokument i enkeltsaker hos Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar, i saker om utferding av lån og garantiar hos Eksportfinansiering Norge og i enkeltsaker etter utlendingslova, pasientskadelova og statsborgarlova.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for journalinnføringar i følgjande sakstypar:
- enkeltsaker om adopsjon, ekteskap, partnarskap, separasjon, skilsmål, farskap, nedstamming, barnefordeling og bidrag
- enkeltsaker som gjeld konsulær bistand frå utanrikstenesta
- enkeltsaker etter barnevernlova, sosialtenestelova, psykisk helsevernlova og verjemålslova.
Endra ved forskrift 18 juni 2021 nr. 2010 (i kraft 1 juli 2021).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2008-10-17-1119
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 93c8559b3c1762d82ff8fdd450d1c766b130df55d77a2e174928d02a0fe43909
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2009-01-01
- Siste endring i kraft
- 2022-12-09