§ 20-3. Innhenting av opplysningar ved skolebyte

Så langt det er nødvendig til formål som nemnde i opplæringslova § 25-1 andre ledd, kan skolar hente inn følgjande opplysningar om elevar og vaksne deltakarar i samband med skolebyte eller byte av opplæringsstad:

  1. opplysningar om tidlegare gjennomført opplæring
  2. karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
  3. opplysningar om fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
  4. kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-5 og § 6-5 eller etter privatskolelova § 3-5.

Ein skole kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebyte etter opplæringslova § 13-2 som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta, og andre elevar på skolen.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01