§ 3-5. Særskild språkopplæring

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.

Heimkommunen eller heimfylket skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.

Heimkommunen eller heimfylket kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæring i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.

Heimkommunen eller heimfylket til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene til særskild språkopplæring. Departementet er klageinstans.

Reglane gjeld ikkje for elevar ved internasjonale skolar og norske skolar i utlandet.

Endra ved lover 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1064), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 621), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 15 juni 2022 iflg. res. 10 juni 2022 nr. 997), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2003-07-04-84
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
9ce2df5aa30a
Innholdshash (XML)
40e4780ff1cf696b9568cdfa8ddbea4c86cdafcae1ef93e33cc0acb9c5611fee
Rendererversjon
8
I kraft
2003-10-01
Siste endring i kraft
2026-08-01