§ 9-27. Oppmelding til eksamen

Utdanningsdirektoratet skal fastsetje fristar og rutinar for oppmelding til eksamen.

Alle elevar som deltar i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen, skal bli melde opp til eksamen av skolen.

Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg opp til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen. Oppmeldinga skjer til skolen.

Lærlingar og kandidatar for fagbrev på jobb blir melde opp til eksamen av lærebedrifta.

Privatistar må sjølve melde seg opp til eksamen ved den skolen eller den instansen som fylkeskommunen fastset.

Privatistar kan berre melde seg til same eksamen éin stad. Skolen eller instansen som fylkeskommunen fastset, avgjer om oppmeldinga kan godkjennast. Privatistar skal betale ei prøveavgift til fylkeskommunen. Prøveavgifta blir fastsett ved dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget. Privatistar skal ikkje betale for utsett og ny eksamen.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-03-900
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
68ee012033bc
Innholdshash (XML)
9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01