I læreplanen i kvart fag er det fastsett kva form eksamen skal ha, og om eksamen skal dekkje eitt eller fleire fag. Den fastsette eksamensforma kan vere skriftleg, munnleg, praktisk eller ein kombinasjon av desse formene. Det er også fastsett i læreplanen i kvart fag om det skal trekkjast ut berre nokre elevar til eksamen, eller om alle kandidatane skal ha eksamen i faget.
Kven som er trekte ut til skriftleg eksamen i grunnskolen eller til eksamen i vidaregåande skole, skal gjerast kjent for elevane på ein dato som Utdanningsdirektoratet fastset. Kven som er trekte ut til munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i grunnskolen, skal gjerast kjent for elevane to dagar før eksamen og ikkje mindre enn 48 timar før første kandidat skal ta eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal gjennomførast på verkedagar.
Elevar som får meir opplæring etter § 5-2, skal ikkje trekkjast ut i det faget dei får meir opplæring i dersom dei har bestått alle nødvendige eksamenar i samsvar med læreplanverket, jf. § 9-30, § 9-31 og § 9-46.
Med mindre noko anna følgjer av læreplanen i faget, er tidsramma for eksamensformene
Skriftleg eksamen skal starte klokka 09.00 norsk tid. Kandidatar som ikkje har møtt når eksamen startar, skal likevel få gjennomføre eksamen dersom dei møter før klokka 10.00, men dei skal ikkje få kompensert tapt tid.
Endra ved forskrift 7 sep 2025 nr. 1787 (i kraft 1 jan 2026).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.