§ 9-30. Talet på eksamenar på studieførebuande utdanningsprogram
På vidaregåande trinn 1 på studieførebuande utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 2 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 3 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:
- På programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi skal elevane normalt trekkjast ut til to skriftlege eksamenar og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.
- På utdanningsprogram for musikk, dans og drama skal elevane trekkjast ut til to eksamenar, og éin munnleg-praktisk eksamen innanfor sitt eige programområde.
- På andre studieførebuande utdanningsprogram og programområde skal elevane trekkjast ut til tre eksamenar. Minst éin av desse skal vere i eit fag frå deira eige programområde.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2024-06-03-900
- Hentet
- 2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
- Kilderevisjon
- 68ee012033bc
- Innholdshash (XML)
- 9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2024-08-01
- Siste endring i kraft
- 2026-08-01