§ 9-31. Talet på eksamenar på yrkesfaglege utdanningsprogram
På vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.
På vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal alle elevar ha tverrfagleg eksamen i programfag.
På programområde for studieførebuande naturbruk skal elevane, i tillegg til eksamen i hovudmålet sitt, trekkjast ut til to eksamenar. Éin av desse skal vere i eit felles programfag.
På programområde for landbruk skal elevane, i tillegg til ein tverrfagleg eksamen, ha eksamen i eitt valfritt programfag.
På påbygging til generell studiekompetanse skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:
- På påbygging til generell studiekompetanse som etter tilbodsstrukturen skal gjennomførast på vidaregåande trinn 3, skal elevane trekkjast ut til éin skriftleg eksamen og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.
- På påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 5-7, skal elevane trekkjast ut til to eksamenar.
Endra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2024-06-03-900
- Hentet
- 2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
- Kilderevisjon
- 68ee012033bc
- Innholdshash (XML)
- 9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2024-08-01
- Siste endring i kraft
- 2026-08-01