§ 9-55. Organisering av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva
Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva og for å gjere kandidatane kjende med reglane for prøva.
Prøva skal som hovudregel haldast før læretida er over, men ikkje tidlegare enn tre månader før. Kandidatane må fullføre læretida for å få fag- og sveinebrev og praksisbrev.
Dei som har opplæring i bedrift, skal som hovudregel ta prøva i den lærebedrifta der dei har fått det meste av opplæringa. Prøva skal tilpassast verksemda i lærebedrifta. Fylkeskommunen kan etter råd frå prøvenemnda avgjere at heile eller delar av prøva skal haldast ein annan stad.
Praksiskandidatar kan bli bedne av prøvenemnda om å komme med forslag til kvar eller korleis fag- eller sveineprøva kan gjennomførast.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2024-06-03-900
- Hentet
- 2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
- Kilderevisjon
- 68ee012033bc
- Innholdshash (XML)
- 9dcf7bd291dde95e2cc2a81f558f43c88aa10de59405c92d1b4844a3632eee05
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2024-08-01
- Siste endring i kraft
- 2026-08-01