Lærebedrifta skal melde opp ein som har læretid i bedrift til fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Skolen skal melde opp elevar til fag- eller sveineprøva.
Oppmeldinga av dei som har læretid i bedrift skal sendast til den fylkeskommunen der kontrakten om opplæring er godkjend, seinast innan to månader før kontraktstida er ute. Oppmeldinga av elevar skal sendast til fylkeskommunen der skolen ligg.
Praksiskandidatar må sjølve melde seg opp til fag- eller sveineprøva til fylkeskommunen innan den fristen som fylkeskommunen fastset. Praksiskandidatane skal betale ei prøveavgift til fylkeskommunen. Prøveavgifta blir fastsett ved dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget. Dei skal ikkje betale for utsett prøve etter § 9-67, eller for ny prøve ved medhald i klage på bortvising eller annullering etter §§ 9-68 og 9-69.
Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.