(1) Dersom delar av grunnlaget for ei grad allereie inngår i tildelt grad, krevst det:
for bachelorgrader minst 90 nye studiepoeng med ny spesialisering,
for integrerte mastergrader minst 120 nye studiepoeng, inkludert eit nytt masterprosjekt og
for andre mastergrader minst nye 60 studiepoeng, inkludert eit nytt masterprosjekt.
(2) Juridisk fakultet kan gjere unntak frå kravet om nytt masterprosjekt når studenten søker om godkjenning av femte studieår på masterprogrammet i rettsvitskap på grunnlag av ein LLM-grad (Master of Laws) som inneheld eit skriftleg arbeid som fyller dei krav som gjeld for eit masterprosjekt i rettsvitskap.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.