(1) Bachelorgrada blir tildelt på grunnlag av samansetjing vedteken i samsvar med §§ 2-2 og 3-1. Ho skal ha 180 studiepoeng og inkludere:
examen philosophicum, 10 studiepoeng og
spesialisering, minst 90 studiepoeng, som normalt inkluderer eit sjølvstendig arbeid på minst 10 studiepoeng. Kravet om sjølvstende er ikkje til hinder for at fakultetet kan fastsetje i emneskildringa at to eller fleire studentar kan eller skal samarbeide om eit bachelorprosjekt.
(2) Bachelorgrader i utøvande og skapande kunst, musikk og design er på 180 eller 240 studiepoeng. Dei blir tildelte på grunnlag av samansetjing vedteken i samsvar med §§ 2-2 og 3-1.
Endra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.