(1) Eit studieprogram er ei samling emne som inngår i ein heilskap med eit definert læringsutbyte. Studieprogram som ikkje er årsstudium, skal føre til ei grad.
(2) Kvart studieprogram skal ha ein studieplan som inneheld:
namnet på studieprogrammet og eventuelle studieretningar,
talet på studiepoeng,
opptakskrav,
mål og innhald,
kva for kunnskap, ferdigheiter og kompetanse studentane skal tileigne seg (læringsutbyteskildring),
læringsaktivitetar og undervisingsformer,
kva for emne som er obligatoriske og valfrie, med emneskildringar,
eventuelle minstekrav til frie studiepoeng, til dømes fagleg nivå, omfang og innhald,
høve til og plassering av utveksling og
eventuelle reglar om rekkefølge på emna på programmet.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.