(2) Kvart emne skal ha ei emneskildring som inneheld:
namnet til emnet,
talet på studiepoeng,
eventuelle forkunnskapskrav,
mål og innhald,
kva for kunnskap, ferdigheiter og kompetanse studenten skal tileigne seg (læringsutbyteskildring),
undervisingssemester, -former, -omfang og -språk, og andre læringsaktivitetar
obligatorisk oppmøte og obligatoriske aktivitetar,
eksamensform og -semester, og vurderingsuttrykk og
andre særskilde reglar for emnet dersom dei finst, til dømes avgrensing i tilgang til undervising, hjelpemiddel og formelle krav til eksamen.
(3) Talet på studiepoeng for eit emne skal vere deleleg med fem. Dette gjeld ikkje for integrerte masterprogram eller for profesjonsstudia. Også i andre tilfelle kan det gjerast unntak dersom faglege grunnar talar for det, og verken omsynet til studentane sin valfridom eller ønske om tverrfaglege studium gjer det utilrådeleg.
(4) Eitt studiepoeng utgjer 1/60 av eit heilt studieår og inneber om lag 25–30 arbeidstimar for studentane.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.