§ 2-3. Skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt

Følgjande skytevåpen er fritekne frå løyveplikt:

  1. apparat til slakting som ikkje brukar fritt prosjektil,
  2. signalpistolar og andre innretningar for signalgjeving som ikkje kan skyte patron med prosjektil,
  3. rednings- og harpungevær som ikkje kan skyte patron med prosjektil,
  4. luft-, gass- eller fjørvåpen som er laga for å kunne skyte prosjektil med diameter på 4,5 millimeter eller mindre,
  5. paintballvåpen,
  6. airsoft våpen,
  7. skytevåpen som er konstruert for berre å kunne skyte ammunisjon utan prosjektil, og som oppfyller tekniske krav fastsett av Politidirektoratet,
  8. haglevåpen med enkeltskotlading som er lovlig erverva før 1. oktober 1990,
  9. svartkrutvåpen produsert før 1890,
  10. luft- og fjørvåpen produsert før 1900, og
  11. armbrøst produsert før 1900.

Erverv og innehav av deaktiverte skytevåpen etter § 12-1 er ikkje løyvepliktig, men må meldast til politiet på fastsett skjema.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02