§ 2-4. Våpendelar som er underlagt løyve- eller meldeplikt

Med dei unnatak som følgjer av andre og tredje ledd, er erverv og innehav av følgjande våpendelar løyvepliktige:

  1. pipe, medrekna innstikningspiper,
  2. låskasse,
  3. sluttstykke,
  4. laus låseblokk,
  5. glidestykke til heil- eller halvautomatiske pistolar, og
  6. tønne til revolver.

Kravet til løyve etter første ledd gjeld ikkje for våpendelar som berre kan brukast i skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt etter § 1-5 og § 2-3 nr. 1 til 7, og 10 til 11. Erverv og innehav av våpendelar som er nemnde i første ledd til deaktiverte skytevåpen må likevel meldast til politiet på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke frå det tidspunkt innehavaren erverva gjenstanden.

Kravet til løyve etter første ledd gjeld heller ikkje for erverv av pipe og sluttstykke til rifler, haglevåpen, pistol eller revolver, samt for tønne til revolver i følgjande tilfelle:

  1. når våpendelen passar i eit skytevåpen som ervervar har løyve til å ha,
  2. når våpendelen ervervast hos ein person som er godkjent for å kunne drive tilverking, handel eller reparasjon av skytevåpen etter våpenlova § 23, og
  3. pipa som ervervast er i same kaliber som det løyvepliktige skytevåpenet er registrert for.

Ved erverv etter tredje ledd skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om våpendelen, det skytevåpenet som våpendelen skal brukast i, samt opplysingar om den som skal erverve våpendelen og om vedkomande skal behalde den våpendelen som skiftast ut, på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at våpendelen vart avhenda.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02