§ 3-5. Våpendelar og ammunisjon
Det er ikkje tillate å erverve, ha, tilverke, innføre eller omsette følgjande våpendelar eller ammunisjon:
- delar til låskasse eller sluttstykke som er produsert for å kunne gjere eit skytevåpen med manuell omlading om til halv- eller heilautomatisk funksjon,
- avtrekksmekanismar eller delar til avtrekksmekanismar som er produsert for å gjere eit halvautomatisk skytevåpen om til heilautomatisk funksjon,
- skjefte eller ramme som gjer ein halvautomatisk pistol om til eit tohandsskytevåpen,
- komplette patroner i kaliber 12,7X99, 5,7X28 eller 4,6X30,
- komplette patroner med sporlysprosjektil, og
- komplette patroner med prosjektil som har kjerne av hardmetall og som er konstruerte for å trenge gjennom verneutstyr.
Første ledd gjeld ikkje for løyve som kan gjevast etter kapittel 4 og 5 i denne forskrifta eller våpenlova § 10.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2021-05-07-1452
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2021-06-01
- Siste endring i kraft
- 2026-07-02