§ 3-6. Ikkje tillatne gjenstandar som ikkje reknast som skytevåpen

Det er ikkje tillate å erverve, ha, tilverke, innføre eller omsette særskilt farlege gjenstandar som saknar eit lovleg bruksområde, og som står fram som eit valdsprodukt, som til dømes:

  1. elektrosjokkvåpen,
  2. peparspray, tåregasspray eller andre sjølvforsvarssprayar med tilsvarande verknad,
  3. springknivar,
  4. batangaknivar,
  5. stilettar,
  6. slåsthanskar,
  7. batongar,
  8. karatepinnar,
  9. kastestjerner,
  10. blåserør for å kunne skyte pilar eller andre gjenstandar, og
  11. sprettertar.

Det er heller ikkje tillate å erverve eller ha knivar med bladlengde frå 25 centimeter, medrekna machetar. Første punktum gjeld ikkje for den som ervervar eller har slik kniv i samband med arbeid, næringsverksemd, friluftsliv, hushaldet, sport, kulturelle aktivitetar eller andre aktverdige føremål, eller som har løyve etter § 5-6 eller § 5-10 i denne forskrifta eller våpenlova § 10.

Første ledd gjeld ikkje for einskilde sprettertar eller andre ufarlege gjenstandar som er laga som leiketøy. Første ledd gjeld heller ikkje for den som har løyve i medhald av § 5-6 eller § 5-10 i denne forskrifta eller våpenlova § 10.

Denne føresegna gjeld ikkje for peparspray eller batongar som er bestemt for eller tilhøyrar Kriminalomsorga. Denne føresegna gjeld heller ikkje for peparspray som er bestemt for eller tilhøyrar Tolletaten.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02