§ 5-7. Erverv og innehav av skytevåpen til vern mot åtak frå isbjørn

Politiet kan gje personar som skal opphalde seg i område med førekomst av isbjørn, løyve til å erverve og ha ei rifle eller eitt haglevåpen, samt våpendelar til desse skytevåpena, til vern mot isbjørn.

Politiet kan gje løyve etter første ledd for rifler og haglevåpen som er tillatne til jakt etter våpenlova § 11 andre ledd og kapittel 3 i denne forskrifta. Politiet kan likevel berre gje løyve til erverv av rifler som brukar ammunisjon med prosjektildiameter 7,82 millimeter eller større. Prosjektilet som brukast skal minst vege 10 gram og må gje ein anslagsenergi på minst 2200 Joule på 100 meter avstand. Politiet kan også gje løyve til erverv av revolver som brukar ammunisjon med prosjektildiameter 10,9 millimeter eller større, med kulevekt på minst 14,9 gram, til personar som kan dokumentere eit grunna behov for skytevåpen som er enklare å bere med seg enn haglevåpen eller rifle.

Eit løyve etter første og andre ledd kan berre gjevast til personar som kan dokumentere å ha tilstrekkeleg våpendugleik med det aktuelle skytevåpenet, som til dømes gjennomført førstegongsteneste eller aktivitet i godkjent skyttarorganisasjon.

Sysselmeisteren på Svalbard kan gje nærare retningsliner om erverv og innehav av skytevåpen til vern mot isbjørnåtak.

Endra ved forskrift 28 juni 2021 nr. 2250 (i kraft 1 juli 2021).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02