§ 5-8. Erverv til vern mot åtak

Politiet kan gje reiarar løyve til å mellombels ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på vegne av eit innleigd vaktselskap for å verne norskregistrerte ISPS-skip mot terrorhandlingar og piratverksemd, som nemnt i skipssikkerhetsloven kapittel 6. Politiet kan ikkje gje løyve etter første punktum for vaktselskap som er forbodne etter forskrift 22. juni 2004 nr. 972 om sikkerhet, pirat- og terrorberedskapstiltak og bruk av maktmidler om bord på skip og flyttbare boreinnretninger (sikkerhetsforskriften) § 20 fjerde ledd.

Politiet kan berre gje løyve etter første ledd for segling i, til eller frå eit område med beredskapsnivå 2, eller 3, jf. sikkerhetsforskriften § 2 og § 15, og som seglar sør for 46 grader nordleg breidde.

Politiet kan gje løyve etter første ledd for rifler, haglevåpen og pistolar som er godkjente til sportsskyting etter § 4-4 og § 4-5 i denne forskrifta og våpenlova § 12 andre ledd, samt for følgjande skytevåpen:

  1. heilautomatiske skytevåpen som brukar ammunisjon med prosjektildiameter inntil 9 millimeter, og
  2. rifler med enkeltskotlading, manuell omlading eller halvautomatisk funksjon, som brukar ammunisjon i kaliber 12,7X99.

Politiet kan gje løyve etter første til tredje ledd for inntil seks månader av gangen.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02