§ 6-4. Krav til tryggleik for oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon hos juridiske personar

Juridiske personar som har løyve til å ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon i samband med næringsdrift skal oppbevare skytevåpen og ammunisjon i samsvar med krava som følgjer av § 6-1 første til tredje ledd og § 6-3. Skytevåpen eller vital våpendel og ammunisjon skal oppbevarast i lokale som er bemanna på kvardagar eller bebudd. Den juridiske personen skal også varsle politiet om på kva adresse det vert oppbevara skytevåpen og ammunisjon.

Politiet kan gje fritak frå kravet om at oppbevaringsstaden skal vere bemanna eller bebudd når ytterdør til oppbevaringsstaden er trygga med FG-godkjent dør og lås, samt at oppbevaringsstaden er trygga med FG-godkjent alarm med overføring til døgnmanna alarmstasjon, som med eigne vektarar, eller med avtale med einskildpersonar eller føretak, kan rykke ut ved alarm. Politiet kan gje fritak frå kravet til FG-godkjent alarm i første punktum om dei stadlege forholda gjer det uråd å etterkome kravet til innbrotsalarm.

Den som vil oppbevare større mengder ammunisjon enn det som er nemnt i § 6-3 første ledd, må ha løyve etter brann- og eksplosjonsvernlova.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02