I same husstand kan det oppbevarast:
Det er ikkje tillate å oppbevare ammunisjon i ubebudd hytte, hus eller liknande. Løyvehavar sin bustad reknast som bebudd sjølv om vedkomande er fråverande i lengre tid. Første punktum gjeld likevel ikkje for prosjektil til luft- eller fjørvåpen, som er unnateke frå løyveplikt etter § 2-3.
Ammunisjon skal oppbevarast nedlåst i særskilt skap, skuff eller annan låsbar innretning og vere åtskilt frå skytevåpenet. Ammunisjon kan likevel oppbevarast saman med skytevåpen i godkjent tryggingsskap eller våpenrom i samsvar med krava som følgjer av tredje og fjerde ledd. Svartkrut skal oppbevarast i original emballasje av plastmateriale med skrukork, som rommar maksimalt 1 kilo svartkrut. Behaldarane med svartkrut skal oppbevarast i kasse laga av tre, med åtskilte rom for kvar behaldar. Svartkrut skal ikkje oppbevarast i rom med open varmekjelde, som peis eller omn.
I godkjente våpenrom kan det oppbevarast den mengd ammunisjon som følgjer av første ledd. I godkjent tryggingsskap, som også er særskilt godkjent for oppbevaring av ammunisjon, kan det saman med skytevåpen oppbevarast den mengde ammunisjon som godkjenninga gjeld for, men likevel ikkje meir enn det som følgjer av første ledd. I godkjente tryggingsskap, som ikkje er særskilt godkjent for oppbevaring av ammunisjon, kan det oppbevarast inntil 2000 ferdigladde patroner.
Den som vil oppbevare større mengder ammunisjon enn det som er nemnt i første ledd, må ha løyve etter brann- og eksplosjonsvernlova.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.