§ 6-8. Krav til mellombels oppbevaring av skytevåpen og ammunisjon

Ved mellombels oppbevaring etter våpenlova § 20, skal løyvepliktige skytevåpen og ammunisjon vere under forsvarleg tilsyn. Løyvepliktige skytevåpen og ammunisjon kan likevel forlatast utan forsvarleg tilsyn når gjenstandane er skjult eller dekkja til og oppbevarast i eit låst husvære eller i ein låst motorvogn.

Denne føresegna gjeld ikkje for Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard kan gje nærare retningsliner om mellombels oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på Svalbard.

Endra ved forskrift 28 juni 2021 nr. 2250 (i kraft 1 juli 2021).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02