§ 6-9. Krav til utferding av fråsegn ved utlån av skytevåpen og våpendelar

Den som lånar ut løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar til andre, skal gje mottakar ein skriftleg fråsegn om utlånet med følgjande innhald:

  1. långjevar og låntakar sine namn og adresser,
  2. nummer og namn på utferdande mynde på långjevar og låntakar sitt våpenløyve,
  3. våpentype, kaliber, fabrikkmerke og nummer på dei skytevåpen eller våpendelar som lånast ut,
  4. kva skytevåpena eller våpendelane skal brukast til, og
  5. tidsrommet skytevåpena eller våpendelane er låna ut.

Fråsegna om utlån saman med løyvet til å ha den aktuelle våpentypen gjeld som våpenkort.

Krava til fråsegn etter våpenlova § 18 gjeld ikkje for utlevering av skytevåpen eller våpendelar til godkjent tilverkar, børsemakar eller våpenhandlar i samband med reparasjon, ombygging eller kommisjonssal, samt ved kortvarig overlating av skytevåpen eller våpendelar under forsvarleg tilsyn.

Endra ved forskrift 9 feb 2024 nr. 275 (i kraft 1 mars 2024).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02