§ 7-7. Krav til butid

For utlendingar krevst det fem år butid i Noreg før politiet kan utferde løyve etter denne forskrifta eller våpenlova. Kravet om butid gjeld likevel ikkje for:

  1. EØS-borgar som legg fram politiattest frå heimstaten sin,
  2. utlending frå land utanfor EØS som dei siste fem åra har opphalde seg lovleg i eit EØS-land, og som kan leggje fram politiattest og bevis på lovleg opphald frå EØS-landet, og
  3. utlending frå land utanfor EØS med tidlegare opphald i Noreg, der fråværet frå Noreg er så kortvarig at det kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll.

For tredjelandsborgarar som ikkje har fått opphaldsløyve før innreise til Noreg, skal butida reknast frå den datoen søknaden om opphaldsløyve vert registrert hos utlendingsmynda. For EØS-borgar, og tredjelandsborgar som har fått opphaldsløyve før innreise til Noreg, vert butida rekna frå det tidspunktet som følgjer av politiregisterforskrifta § 28-4.

Det kan i einskildtilfelle gjerast unnatak frå kravet til butid etter første ledd for utlendingar som politiet etter ei konkret vurdering meiner kan levere tilfredsstillande dokumentasjon for at vandelskravet etter § 7-4 og § 7-5 er oppfylt.

Endra ved forskrift 28 juni 2021 nr. 2250 (i kraft 1 juli 2021).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-05-07-1452
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
e4537669614214aa5cf9ad694400a8711cca4eb0cc98579b088f65a722da368a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-02