§ 8-6. Utfyllande reglar for godkjenning av skyttarorganisasjon
Når vilkåra etter våpenlova § 28 andre ledd er oppfylte kan politiet godkjenne skyttarorganisasjonar som:
har eit eige styre,
har ein stabil drift og økonomi,
er registrert i Enhetsregisteret,
er open for medlemskap for personar frå heile riket,
er tilknytt ein internasjonal skyttarorganisasjon,
har minst 10 lokallag,
har terminliste med minst 10 opne stemner per år, og
har eit teknisk skyteprogram som skildrar organisasjonen sine skytedisiplinar og kva skytevåpen som kan brukast.
Godkjente skyttarorganisasjonar skal ein gang i året sende politiet ein kopi av årsmøteprotokoll med årsmelding og rekneskap.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.