§ 9-3. Vilkår for løyve til å drive handel, mekling eller utleige av skytevåpen med vidare
Politiet kan gje løyve til å drive handel, mekling eller utleige av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til personar som oppfyller krava som er fastsett i våpenlova § 23, og som:
har fylt 21 år,
har enten bestått kurs godkjent av Politidirektoratet, arbeida i minst to år i våpenforretning- eller avdeling og som har tileigna seg tilstrekkeleg kjennskap til skytevåpen og våpenlovgjeving, eller som har løyve til å drive ervervsmessig reparasjon eller tilverking av skytevåpen,
er registrert i Foretaksregisteret,
har ein forretning som skal vere open i normal forretningstid når løyvet gjeld handel med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon frå ein fast forretningsstad,
oppbevarer skytevåpen og ammunisjon i samsvar med krava etter § 6-5.
Er søkaren ein juridisk person der andre enn dagleg leiar har den direkte leiinga av handelen med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, er det tilstrekkeleg at den direkte ansvarlege for næringsverksemda oppfyller krava til fagleg dugleik etter første ledd nr. 2.
Løyvehavar skal registrere verksemda i Merverdiregisteret seinast tre månader etter at løyvet vart gjeve.
Løyvehavar skal melde frå til politiet når dagleg leiar eller andre som har direkte ansvar for næringsverksemda tilsetjast eller sluttar. Ved opphøyr av tilsetjinga, kan politiet gje løyve til mellombels drift for inntil seks månader fram til ny person er tilsett.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.