§ 23. Næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Den som skal drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, må ha løyve frå politiet. Med næringsverksemd etter første punktum meiner ein mellom anna handel, tilverking for sal, reparasjon eller ombygging, utleige eller mekling.

Det kan berre gjevast løyve etter første ledd til personar som oppfyller krava til personlege eigenskapar etter § 16 og krava til alder og fagkunnskap som vert gjevne i medhald av fjerde ledd.

Gjeld søknaden om løyve etter første ledd ein juridisk person, må føretaket oppfylle krava til vandel etter § 17. Dagleg leiar i organisasjonen, og andre som er ansvarlege for den daglege drifta, må i tillegg oppfylle krava til personlege eigenskapar etter § 16 og krava til alder og fagkunnskap som vert gjevne i medhald av fjerde ledd.

Kongen gjev forskrift om:

  1. krav til alder og fagkunnskap for å kunne få løyve etter første ledd,
  2. krav til opningstid, næringslokale, innreiing, utstyr, dokumentasjon, registrering og rapportering av drift i medhald av løyve etter første ledd.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2018-04-20-7
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6c942c4ffa5b3accf024f4836eb35cfe3602f3889dcc943dd93d22aa9ed3751c
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-01