lovspor

§ 14-4. Bruk av sakkunnig, godkjend meklar eller tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring

Før retten tek avgjerd om tvangsfullføring, kan retten nemne opp ein sakkunnig, ein godkjend meklar eller ein tilsett ved familieverntenesta som kan mekle mellom eller ha samtalar med foreldra. Formålet med meklinga eller samtalane er å få foreldra til å oppfylle pliktene sine frivillig. Retten kan fastsetje eit mandat for utføring av oppdraget.

Retten skal setje ein frist for utføringa av oppdraget. Fristen skal normalt setjast til to veker etter oppnemninga.

Den som har fått oppdrag etter første ledd, skal levere ei utgreiing med opplysningar om kva for tiltak som er sette i verk, og om andre omstende som kan ha noko vesentleg å seie for saka.

I saker om tvangsfullføring gjeld § 12-12 andre ledd tilsvarande.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-20-40
Hentet
2026-10-13T11:40:11.848780+00:00
Kilderevisjon
2c3f50b0a8c2
Innholdshash (XML)
f084e597080179b6714c5139795268481ef26098c6ed5c8d8b940623c7796e79
Rendererversjon
8