Eigedomsskattekontoret skriv ut eigedomsskatten.
Skatten skal så langt råd er, vera utskriven før 1 mars i skatteåret. Første året kommunen nyttar botnfrådrag i eigedomsskatten er det likevel tilstrekkeleg at skatten så langt råd er, vert utskriven før 1. april i skatteåret. Første året det vert skrive ut eigedomsskatt i ein kommune, må allmenn taksering og utskriving vere avslutta innan utgongen av juni i dette året. Dette gjeld likevel ikkje for moglege overtakstar.
Kvar skattesum skal rundast av nedover til næraste heile krone.
Vert skatten for ein eigedom mindre enn kr. 300, skal det ikkje skrivast ut skatt.
Samstundes med at skattelista vert utlagd (sjå § 15), skal det sendast skattesetel til eigaren (skattytaren).
Endra med lover 5 feb 1993 nr. 28, 22 juni 2012 nr. 44 (f o m skatteåret 2013), 23 juni 2020 nr. 101 (ikr. 1 jan 2021 med verknad frå skatteåret 2021).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.