§ 15
Eigedomsskattekontoret fører ei eigedomsskatteliste (hovudliste) der alle skattlagde faste eigedomar i kommunen vert førde opp, og like eins verdet deira. I lista skal og stå kva for skattesatsar som er nytta og kor stor den utskrivne skatten for kvar eigedom er. I ei tilleggsliste skal dei eigedomane førast opp som er fritekne for eigedomsskatt. Eigedom med både skattlagd del og friteken del førast med kvar sin respektive del i dei to listene.
Eigedomsskattelista skal liggja ute til offentleg gjennomsyn i minst 3 veker etter at det er kunngjort at lista er lagd ut.
Avskrift av skattelista vert sendt kommunekasseraren og kommuneettersynet.
Endra med lov 7 des 2012 nr. 73 (f o m skatteåret 2013).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/1975-06-06-29
- Hentet
- 2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
- Kilderevisjon
- fc2c36901d45
- Innholdshash (XML)
- cbac3b517e6569ade007cad677b9b509b39424223e7b0b9848982414ca568a6c
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 1976-01-01
- Siste endring i kraft
- 2026-01-01