Jordbrukar med beiterett i statsallmenning har rett til å beite med så stor buskap som han kan vinterfø på eigedomen.
Fjellstyret kan samtykkje i at det vert beita med større buskap enn nemnt i første stykket, når det kan skje utan skade for andre bruksrettshavarar.
Så langt det i allmenningen er beite som ikkje vert nytta av bruksrettshavarane, kan fjellstyret under tilsvarande føresetnader gjere vedtak om å gje andre – også utanbygdsbuande – rett til å nytte dette beitet, på vilkår som vert fastsette ved avtale.
Tvist om beiting som nemnt i andre og tredje stykket vil vere til skade for nokon bruksrettshavar, vert avgjort ved skjøn.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.