Fjellstyret fastset nærare reglar om ordninga av beitebruken innan statsallmenningen. Reglane kan mellom anna gå ut på inndeling av beitet i felt, fastsetjing av beitetider og avgrensingar i talet på beitedyr av dei ulike slag innan dei einskilde beitefelt. I reglane skal det seiast frå om det skal vere høve til beiting med lausfe og i tilfelle på kva vilkår.
Jordskifteretten kan ordne beitebruken når fjellstyret har gjort vedtak om beiteordning etter første ledd, og nokon beiterettshavar som denne ordninga vedkjem, har kravt saka inn for jordskifteretten innan 6 månader.
Endra med lover 19 juni 1992 nr. 61, 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.