Jordeigaren skal legge forpaktingsavtalen i original eller i rettkjend avskrift fram for kommunen innan ein månad etter at forpaktinga er tiltrådt.
Inneheld avtalen føresegner som strir mot lova, skal kommunen snarast gje kvar av partane skriftleg melding om det. I brevet skal partane oppmodast til å gjere dei nødvendige endringar i avtalen og til å sende inn ny eller endra avtale til kommunen innan ein månad etter at brevet er motteke. Blir ny eller endra avtale ikkje sendt inn innan fristen er ute, gjer kommunen dei endringar i avtalen som trengst for å få han i samsvar med lova.
Blir forpaktinga tiltrådt utan at det er gjort skriftleg avtale, skal jordeigaren innan ein månad etter tiltredinga gi kommunen skriftleg melding om det med nærare opplysningar om avtalen. Kommunen kan krevje tilsvarande opplysningar av forpaktaren. Kommunen skal snarast oppmode partane til å få i stand og sende inn skriftleg avtale. Føresegnene i andre leden gjeld på tilsvarande måte.
Føresegnene ovanfor gjeld òg for seinare endringsavtale, likevel slik at fristen etter første leden og etter første punktum i tredje leden blir rekna frå det tidspunkt då avtalen blei inngått.
Jordeigar som let vere å legge fram forpaktingsavtale eller melding om slik avtale i samsvar med første eller tredje leden, straffast med bøter. Det same gjeld om han let vere å sende inn endringsavtale eller melding om slik avtale, jfr. fjerde leden.
Endra med lover 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.