Om ikkje anna er avtala er faredag for tiltreding og fråtreding av forpakta eigedom den 14. april. Departementet kan fastsette ein annan faredag for einskilde fylke. Fell faredag etter reglane ovanfor på ein søndag eller helgedag, gjeld den følgjande dag som faredag.
Fjorten dagar før tiltredingsdagen kan den tiltredande forpaktar krevje å få seg overlatt tilstrekkeleg lagringsplass for nødvendige driftsmiddel.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.