§ 10
Tilstand eller tilhøve som strider mot nokor føresegn i §§ 2-5, har grannen krav på vert retta. Dette gjeld likevel ikkje:
- når tiltaket er fremja i samsvar med avgjerd etter § 7, jf. § 8,
- når det er gjort vedtak om eller gjeve samtykke til oreigning av grunn til tiltaket, eller når slik oreigningsrett fylgjer direkte av lova, eller
- så langt forurensingslova av 13. mars 1981 nr. 6 § 10 andre stykket gjer unntak frå rettingsskyldnaden.
- så langt vannressursloven § 6 tredje ledd gjer unntak frå rettingsskyldnaden.
I tilfelle då rettinga kom til å valde så store utlegg eller tap elles at det klårt stod i mishøve til gagnet, kan det gjerast unntak frå rettingsskyldnaden når det ikkje er noko nemnande å leggja tiltakshavaren til last, på det vilkår at grannen får vederlag som ikkje må setjast mindre enn skaden eller ulempa.
Endra med lover 16 juni 1989 nr. 67, 24 nov 2000 nr. 82 (ikr. 1 jan 2001 iflg. res. 24 nov 2000 nr. 1169).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/1961-06-16-15
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 4078eee5de8713f37686712b8703d2c0f1e3ee8a003d79f306e0a8d29142ab7b
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 1962-01-01
- Siste endring i kraft
- 2016-04-22