§ 9

Det økonomiske tapet nokon lid av skade eller ulempe i strid med nokor føresegn i §§ 2-5 er den ansvarlege skyldig til å bøta, anten han sjølv eller nokon han svarar for, har gjort seg skuldig i aktløyse eller ikkje. Det gjeld og skade eller ulempe av tiltak som er fremja i samsvar med avgjerder etter § 7, jf. § 8, eller av tiltak med slik oreigningsrett som nemnt i § 10 første stykket bokstav (b) eller som er lovleg etter forurensingslova av 13. mars 1981 nr. 6.

Den ansvarlege sitt ansvar kan lempas etter reglane i skadeerstatningslova § 5-2. Oppstår skade eller ulempe på fast eigedom eller ting, skal det ved bruken av skadeerstatningslova § 5-2 takast omsyn til om eigedomen eller tingen tåler særleg lite.

Når skadelidaren etter god granneskikk burde sagt frå tidlegare, kan skadebotkravet falla bort eller skadebota setjast ned.

Denne paragrafen minkar ikkje den retten nokon har til skadebot etter dei elles gjeldande rettsreglane.

Endra med lov 16 juni 1989 nr. 67.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1961-06-16-15
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
4078eee5de8713f37686712b8703d2c0f1e3ee8a003d79f306e0a8d29142ab7b
Rendererversjon
8
I kraft
1962-01-01
Siste endring i kraft
2016-04-22