Det er forbode å gjennomføre prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging i strid med Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar av 10. september 1996.
Kongen får fullmakt til å gje nærare føresegner og einskildvedtak for å oppfylle Noreg sine plikter etter traktaten.
Dei personane som etter traktaten skal ha immunitet og privilegier, får utan hinder av norsk lov immunitet og privilegier i samsvar med føresegnene i denne traktaten.
Kongen kan gje nærare reglar for korleis føresegnene om immunitet og privilegier skal gjennomførast.
Det kan setjast i verk inspeksjonar ovafor private, i samsvar med føresegnene i traktaten, herunder gjennomførast boring i grunnen.
Kongen kan leggje på grunneigaren eller andre rettshavarar slike plikter som trengst for at ein inspeksjon skal kunne gjennomførast.
Denne lova gjeld også for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda.
Den som bryt denne lova eller føresegner eller påbod som er gjeve med heimel i lova, vert straffa med bøter eller fengsel i opptil fem år. Aktlause handlingar vert straffa med bøter eller fengsel i opptil to år.
Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
Lova trer i kraft på det tidspunkt som traktaten trer i kraft.[^1]
1 Traktaten trer i kraft når 44 av dei statene som er særskilt nemnde i traktaten («nøkkellanda») har ratifisert. I oktober 2018 hadde i alt 167 stater ratifisert, av desse høyrer 36 til «nøkkellanda».
Frå den tid denne lova tek til å gjelde, vert det gjort følgjande endringar i Almindelig borgerlig Straffelov av 22. mai 1902 nr. 10:[^1]
§ 12 fyrste ledd nr. 3 bokstav f, g og i skal lyde:
Endra med lov 8 des 2000 nr. 84 (endra bokstav h til bokstav i).
1 Inkurie: Loven er opphevet, se nå lov 20 mai 2005 nr. 28.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.