§ 3-5 a. Innføringsopplæring for elevar som har budd kort tid i Noreg

Heimkommunen eller heimfylket kan gi elevar som har budd kort tid i Noreg og har fått vedtak om særskild språkopplæring, heile eller delar av opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde skolar. Heimkommunen eller heimfylket kan berre gi slik innføringsopplæring dersom eleven eller foreldra samtykkjer.

Heimkommunen eller heimfylket kan gjere vedtak om innføringsopplæring for ein elev for opp til eitt år om gongen, i til saman opp til to år. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag og fag- og timefordelinga.

Private skolar kan gi innføringsopplæring når det ligg føre vedtak frå heimkommunen eller heimfylket om slik organisering og om at skolen kan gi slikt opplæringstilbod. Skolar som vil gi innføringstilbod, må gi kommunen eller fylkeskommunen den informasjon som er nødvendig for å opplyse saka før denne gjer vedtak.

Reglane gjeld ikkje for elevar ved internasjonale skolar og norske skolar i utlandet.

Tilføyd ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2003-07-04-84
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
9ce2df5aa30a
Innholdshash (XML)
40e4780ff1cf696b9568cdfa8ddbea4c86cdafcae1ef93e33cc0acb9c5611fee
Rendererversjon
8
I kraft
2003-10-01
Siste endring i kraft
2026-08-01