Rett til beite, slått eller mosetak må ikkje for lengre tid enn 25 år eller manns og kones levetid heftast på barskog eller skog av eik, ask, alm eller bøk. Det same gjeld mark som høver best til slik skog. For skoglaus mark gjeld dette likevel berre så langt marka er rekna for skogmark etter skogbrukslova § 2.
Rett til å beita med geit må ikkje heftast på skog eller mark som nemnt.
Om eit område som skal påheftast rett til beite, slått eller mosetak, går inn under føresegnene i første eller andre stykket, kan eigaren få bindande avgjort føreåt av skogoppsynet.
Endra med lov 27 mai 2005 nr. 31 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 27 mai 2005 nr. 487).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.