§ 2. Kommunalt eigarskap til vass- og avløpsanlegg

Nye vass- og avløpsanlegg skal vere eigde av ein eller fleire kommunar. Eksisterande vass- og avløpsanlegg kan berre seljast eller på annan måte overdragast til kommunar. Ei vesentleg utviding eller ei samanslåing av eksisterande private anlegg kan berre skje med løyve frå kommunen etter § 3.

Første ledd gjeld ikkje for mindre vass- og avløpsanlegg, overvassanlegg, vass- og avløpsanlegg eigde av andre offentlege organ enn kommunar eller anlegg som gjeld næringsverksemd og liknande som ikkje er knytt til kommunale anlegg.

Departementet kan gi forskrifter om eigarskap til vass- og avløpsanlegg.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-06-26
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d03033278c14896b4c5224952d53ae86e5c2eb08bcc9f809215f0b0d894cacf0
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01