§ 3. Kommunalt løyve til private vass- og avløpsanlegg

Kommunen kan etter søknad gi løyve til samanslåing eller vesentleg utviding av eit eksisterande privat vass- og avløpsanlegg eller til etablering av eit nytt anlegg dersom

  1. det private anlegget ligg så langt frå kommunalt vass- og avløpsanlegg at kommunen ikkje kan krevje at busetnaden som det private anlegget tener eller skal tene, skal knytast til det kommunale anlegget med heimel i plan- og bygningslova §§ 27-1 og 27-2
  2. kostnadene ved å knyte seg til det kommunale anlegget vil vere urimeleg store
  3. eller andre særlege omsyn talar for samanslåing, utviding eller nyetablering.

Nye anlegg etter første ledd skal organiserast som partslag eigde av brukarane.

Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå kravet. Når særlege omsyn tilseier det, kan kommunen gjere enkeltvedtak om at også samanslåtte eller utvida anlegg skal organiserast som eit partslag eigd av brukarane. Kommunen avgjer om det elles skal stillast særlege vilkår for eit løyve etter første ledd.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-06-06-26
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d03033278c14896b4c5224952d53ae86e5c2eb08bcc9f809215f0b0d894cacf0
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01