§ 13. Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til samling
Personar som er medlemmer i godkjent våpensamlarorganisasjon, og som oppfyller krava til våpendugleik som er fastsette i medhald av femte ledd nr. 2, kan få løyve til å erverve og ha løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 og 7 til samling. Eit løyve som nemnt i første punktum skal vere sakleg avgrensa til eitt eller fleire våpenhistorisk grunngjevne samleområde.
Politiet kan berre gje løyve til å erverve og ha skytevåpen som er nemnde i § 5 andre ledd, eller som er forbodne i medhald av § 5 tredje ledd, og våpendelar som er forbodne i medhald av § 6 tredje ledd, når skytevåpenet eller våpendelen enten er særskild sjeldan, eller når gjenstanden dokumenterer forhold av særskild historisk betyding.
Politiet kan i samsvar med forskrift fastsett i medhald av femte ledd nr. 4 gje løyve til å erverve og ha ammunisjon som nemnt i § 7 tredje ledd eller i medhald av § 41 nr. 6.
Den som har erverva løyvepliktige gjenstandar som nemnde i §§ 5, 6 eller 7 etter reglane i denne paragrafen, kan ikkje bruke gjenstandane til andre føremål enn samling.
Kongen gjev forskrift om:
- vilkår for å rekne samleområde som våpenhistorisk grunngjeve,
- krav til våpendugleik for erverv til samling,
- talet på løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar etter §§ 5 og 6 som kan ervervast til samling,
- erverv av løyvepliktig ammunisjon til samling, medrekna ammunisjon som nemnt i § 7 tredje ledd,
- test- og demonstrasjonsskyting med løyvepliktige skytevåpen som er erverva til samling.
Endra ved lov 7 mai 2021 nr. 33 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1415).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2018-04-20-7
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 6c942c4ffa5b3accf024f4836eb35cfe3602f3889dcc943dd93d22aa9ed3751c
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2021-06-01
- Siste endring i kraft
- 2026-07-01