§ 5. Løyve med vidare for skytevåpen

Den som vil erverve eller ha skytevåpen, må ha løyve frå politiet. Den som vil avhende skytevåpen, må trygge at den som ervervar skytevåpenet, har løyve frå politiet til å kunne erverve gjenstanden.

Utanom dei tilfella som er nemnde i §§ 10, 12 eller 13, kan ikkje politiet gje løyve til å erverve, ha, tilverke, importere eller omsette følgjande skytevåpen:

  1. heilautomatiske skytevåpen,
  2. skytevåpen som er kamuflerte som annan gjenstand,
  3. halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruerte for heilautomatisk funksjon eller for militæret eller politiet,
  4. skytevåpen som vanlegvis vert bruka som krigsvåpen,
  5. andre skytevåpen enn dei som er nemnde i nummer 1 til 4, som saknar ein lovleg bruk, eller som har særskilt farlege eigenskapar.

Kongen gjev forskrift om kva skytevåpen som ikkje er tillatne etter andre ledd nr. 5, unnatak frå løyveplikta etter første ledd samt registreringsplikt for skytevåpen som er unnateke frå løyveplikta.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2018-04-20-7
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6c942c4ffa5b3accf024f4836eb35cfe3602f3889dcc943dd93d22aa9ed3751c
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-01