§ 24. Overføring av løyve til å drive næringsverksemd med skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til døds- eller konkursbu

Om den som har løyve til å drive næringsverksemd etter § 23, døyr eller går konkurs, kan dødsbuet, rettsetterfølgjarane eller konkursbuet drive verksemda i medhald av løyvet for inntil eitt år.

Den som vil drive i medhald av første ledd, må sende melding om framhalden drift og namn på dagleg leiar og andre som er ansvarlege for den daglege drifta, til den mynda som gav løyvet.

Drift i medhald av første ledd kan berre skje når dagleg leiar og andre som er ansvarlege for den daglege drifta, oppfyller vilkåra etter § 23 andre ledd.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2018-04-20-7
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6c942c4ffa5b3accf024f4836eb35cfe3602f3889dcc943dd93d22aa9ed3751c
Rendererversjon
8
I kraft
2021-06-01
Siste endring i kraft
2026-07-01