§ 12. Kva dokumentasjonsplanen skal innehalde
Dokumentasjonsplanen til eit organ skal oppfylle krava i arkivlova § 8 første og andre ledd og i tillegg innehalde
- opplysningar om eventuelle tenesteavtaler om arkiv som organet har inngått med andre organ eller private rettssubjekt
- vurderingane som ligg til grunn for avgjerda om kva dokumentasjon organet skal forvalte som arkiv, jf. § 1
- opplysningar om kva delar av organet sin dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida etter forskrift fastsett av Nasjonalarkivet med heimel i arkivlova § 12 andre ledd andre punktum
- opplysningar om oppbevaringstid for dokumentasjon som det ikkje er krav om at skal takast vare på for ettertida, jf. § 3
- opplysningar om reglar om teieplikt og informasjonstryggleik for dei ulike delane av dokumentasjonen
- opplysningar om eventuelle avtaler som er inngått etter § 8 om ansvaret for dokumentasjon i system for felles oppgåveløysing
- opplysningar om kva informasjonssystem organet nyttar til å lagre dokumentasjon som skal forvaltast som arkiv, og om systema oppfyller krava til informasjonssystem i § 5
- organet sine skildringar av informasjonssystem, jf. § 6
- organet sine rutinar for retting av feil i registrerte opplysningar, jf. § 11
- organet sine rutinar for avlevering eller overføring av arkiv til langtidsbevaring
- organet sine rutinar for å kontrollere at dokumentasjon blir konvertert på rett måte
- opplysningar om kva avslutta analoge arkiv som er konverterte etter kapittel 3
- oversikter som er utarbeidde etter § 49 når ansvaret for dokumentasjon er blitt flytta mellom organ i samband med omorganisering av offentleg sektor
- oversikt over korleis eventuelle analoge arkiv er ordna
- opplysningar om kva som er avtalt med andre som løyser lovpålagde oppgåver på vegner av organet om korleis pliktene etter lova skal følgjast opp, jf. arkivlova § 7 første ledd, og kva som skal gjelde for dokumentasjon som organet har plikt til å ta imot etter arkivlova § 7 andre ledd.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-12-17-2647
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-01-01