§ 7-6. Omrekning frå utanlandske til norske karakterar

(1) Søkjarar med anna vidaregåande opplæring enn norsk skal rangerast ved utrekning av poeng eller individuell vurdering, jf. § 7-5 første ledd og § 7-1 fjerde ledd.

(2) Departementet eller den institusjonen departementet gir fullmakt skal fastsetje og halde ved like omrekningstabellar for anna vidaregåande opplæring enn norsk, jf. vedlegg II. Karakterfordelinga i den utanlandske vidaregåande opplæringa skal samanliknast med karakterfordelinga i norsk vidaregåande opplæring.

(3) Omrekningstabellar skal nyttast til å rekne ut karakterpoeng, jf. første ledd.

(4) For søkjarar med utanlandsk vidaregåande opplæring der det ikkje finst ein omrekningstabell, skal det nyttast ei lineær omrekning for å berekne karakterpoeng, jf. første ledd.

(5) For søkjarar med utanlandsk vidaregåande opplæring der et ikkje finst ein omrekningstabell, og der lineær omrekning klart blir urimeleg, skal rangering skje etter § 7-12.

(6) For søkjarar med utanlandsk vidaregåande opplæring som kvalifiserer for opptak etter § 2-2 (8) reknast tilleggsfag som nemnd i § 7-5 (1), avlagt i norsk vidaregåande opplæring, inn i karakterpoengsum etter en gjennomsnittsrekning som om søkjaren hadde 25 karakterar frå det utanlandske vitnemålet.

Oppheva ved forskrift 26 nov 2019 nr. 1580 (i kraft 1 jan 2020), endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2223, 19 des 2024 nr. 3488.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-01-06-13
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
14b6bb0de027
Innholdshash (XML)
b421920b94da388d7a5bb8207c7c2aca1782c49d8cee9458b0515d71e752d0ae
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-15
Siste endring i kraft
2026-02-26