(1) For opptak til enkeltemne må søkjaren dekke minstekrava for opptak til den utdanninga som emna ein søkjer opptak til, inngår i. Eventuelle krav om fagleg forkunnskap for emnet må òg dekkast. Opptakskrava kan fråvikast for avtalestudentar som skal ta enkeltemne eller semesterstudium.
(2) Søkjarar til enkeltemne på mastergradsnivå som ikkje inngår i ein grad, må dokumentere opptaksgrunnlag tilsvarande som for erfaringsbasert mastergrad, jf. § 2-2 (4).
(3) For opptak til enkeltemne med eigenbetaling gjeld første avsnitt, i tillegg til eit krav om minst to års arbeidserfaring.
Endra ved forskrifter 16 juni 2022 nr. 1469, 2 mai 2024 nr. 1446.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.