§ 2-4. Opptaksgrunnlag praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
(1) For opptak til PPU gjeld forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning § 6 og § 7.
(2) Nærare krav til fagleg grunnlag for opptak og faglege minstekrav for den enkelte utdanninga blir fastsett i studieplanen.
(3) Universitetet i Bergen tilbyr PPU med fagdidaktisk fordjuping i eitt eller to fag.
(4) For opptak til PPU gjeld følgjande:
- Søkjaren må ha fullført ein mastergrad.
- Søkjarar til PPU er unnatekne frå kravet om engelsk, jf. § 2-1.
- Opptaksgrunnlaget er minimum 60 studiepoeng i minst eitt fagområde som er relevant grunnlag for tilsetjing på trinn 5–13 i den norske skulen, og som Universitetet i Bergen tilbyr fagdidaktikk i.
- Opptaksgrunnlaget for skulefaget naturfag er minimum 90 studiepoeng i relevante emne.
- Emna som utgjer opptaksgrunnlaget, skal ha eit vekta gjennomsnitt på minimum karakteren C (2,5) eller betre.
Tilføyd ved forskrift 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2018-11-27-1907
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 6d5691839f16dac83b6180aabf8d4d51063797da1d80f2d596954e80e098e562
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2019-01-01
- Siste endring i kraft
- 2024-05-02