§ 11-4. Oppmelding til eksamen

(1) Studentar melder seg opp til eksamen via Studentweb. Frist for oppmelding til eksamen er 1. februar i vårsemesteret og 1. september i haustsemesteret, jf. § 4-2 (1). For vidareutdanningar, utdanningar med studieavgift og oppdragsbaserte utdanningar med oppstart etter semesterregistreringsfristen 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, er fristen seinast 14 dagar etter oppstart.

(2) Studentar har sjølve ansvaret for å kontrollere at dei er meldt opp til rett eksamen og korrigere eventuelle feil eller sørgje for at desse blir retta innan fristen for oppmelding.

(3) I særlege tilfelle kan det dispenserast frå fristen for oppmelding til eksamen.

(4) Studentar må òg sjølve melde seg opp til ny eksamen eller sikre at dei blir meldt opp innan fristen. For rett til oppmelding til ny eksamen og eksamen i utgått emne sjå § 11-10 til § 11-12.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10