lovspor

§ 46. Vilkår for å bli rekna som yrkesaktiv

Som yrkesaktiv i oppteningsperioden reknar ein den som gjennom oppteningsperioden

  1. hadde arbeid tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid
  2. hadde fulltidsarbeid i minst 6 månader og var registrert som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid i resten av perioden
  3. hadde omsorg for barn født i 2016 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien
  4. hadde studiepermisjon med lønn eller stipend tilsvarande minst 50 prosent av full stilling. Sletting av gjeld etter § 43 og § 50 føreset at lønna blei betalt av ein arbeidsgivar i Finnmark og Nord-Troms.
  5. var tilsett i transportsektoren, på skip, på oljeleitingsfartøy eller på faste installasjonar på kontinentalsokkelen og samtidig blei rekna som busett etter § 48
  6. arbeidde frå heimekontor uavhengig av den geografiske plasseringa av arbeidsgivar si verksemd.

Den tida ein låntakar er sjukmeld, blir rekna med i oppteningsperioden.

I særlege tilfelle kan låntakarar som i ei kort tid har hatt arbeid ein annan stad under opptening av rett til sletting av gjeld etter § 43 og § 50, bli rekna som yrkesaktive.

Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2022-12-15-2259
Hentet
2026-10-02T10:26:49.535588+00:00
Kilderevisjon
c7621f8aee92
Innholdshash (XML)
b6fbbc314511b47e0d3453d42f4a17ec8b9dfe44e430ec9bf11e0a6b87a9673d
Rendererversjon
8
I kraft
2023-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01